Young Frankenstein (1974)
Eg innleiar dette innlegget med å seie at den såkalla horror-sjangeren er ein svært so belasta sjanger. Der er strengt tatt mykje piss. Overflod av piss. Vi kan samanlikne det med dei verste offentlege urinala i verda, der spyet overflorerar veggane og stanken av urin kjennes fleirfoldige mil unna. Hollywood spyr ut horror filmar utan handling og meining. Det er som om det skulle vere ein intern konkurranse innad i bransjen om å lage den aller jævligaste filmen, ein konkurranse om å lage den filmen som inneheld dei mest dyriske og umenneskelege måtane å torturere og drepe eit menneske på. Dei sentaliserer nemleg sin horror på det. Men er det effektivt? Det selger jo, folk vil visst sjå grusomme ting med null form for meining og budskap! For min del blir eg berre kvalm. Ikkje nødvendigvis berre av det grusomme, men at det faktisk går ann å produsere slikt søppel! Kan jo til dømes dra fram titlar som Saw og Hostel som eigner seg betre i søppelkorga enn på lerrettet.
Det er derfor særs viktig å bevege seg fekk frå urinalet, vekk frå den O’store søppelhaugen av nyare blockbusters o.l og heller velger omveiar om ein skal finne bra horrorfilmar. 70-tallet er ein fin plass å starte. Om du vil ha tips, skriv ein melding i kommentarfeltet!
“Young Frankenstein” er ein amerikansk horror-komedie regissert av Mel Brooks, som blant anna er kjent for filmar som “The Producers”, “Blazing Saddles” og “Spaceballs”. Multitalentet Brooks, som tillegg til filmregissør er skuespelar, skribent og komiker, har i “Young Frankenstein” lagar ein horrorkomedie som er ein rein og skjær parodi på dei 4 Frankenstein filmane frå 1930-40 tallet, som alle er basert på Mary Shelleys roman “Frankenstein;
or, the Modern Prometheus” (Dei 4: “Frankenstein”, “Bride of Frankenstein”, “Son of Frankenstein” og “Ghost of Frankenstein”).
Dr. Frederick Frankenstein er ein høgst respektert lektor på ein medisinskule i Amerika. Studentane likar han, men Frederick blir stadig vekk minna på at han er ein Frankenstein. Hans bestefar har satt sine djupe spor. So djupe at han insisterar på at uttalen av namnet er Fronk-en-steen.
Ein dag kjem ein advokat inn på forelesningsrommet. I armane har han sjølvaste Victor von Frankenstein sitt testament. Når Frederick får vete at han har arva slottet i Transylvania, tar han med eit fart og reiser direkte til sitt nye og, om ikkje dystre heim.
Ved togstasjonen i Transylvania blir Dr. Frankenstein møtt av Igor(uttalt; EYE-gor), ein snodig skrue som vise seg å bli hans nye medhjelper. Med seg på lasset har han unge og særs flotte Inga, som i botn og grunn ikkje er den best egna labb assistenten. I tillegg til dette kjem husets husholderske, Frau Blücher, eit kvinnemenneske som i alle fall ikkje mangler bein i nasa! Denne kombinasjonen av spenstige personlegheiter kryddrar tilværelsen for godeste Dr.Frankenstein. Meir vil eg ikkje avsløre!
Mel Brooks, som brukte store delar av sitt budsjett berre med å leige rekvesittar frå dei tidlegare Frankenstein-filmane, har ved “Young Frankenstein” truffet mitt hjarte. Eg vil kalle dette ein instant classic, ein film som lett kan segle opp blant mine favorittkomediar. Alt er så gjennomført. Filmen er skutt i svart/kvitt, noko som i seg sjølv er eit stort pluss i mine auge (JA film er best i svart/kvitt). Dette av den enkle grunn for å få fram den same atmosfærer ein kunne oppleve frå dei nokre eldre Frankenstein-filmane. Filmen i seg sjølv er spekka med svart humor, noko eg er ein stor beundrer av! Å fleipe med “litt-på-kanten” emner og bizarre situasjoner er lov, så lenge det er gjennomført! For all del, alle vitsane treffer ikkje like godt, men slik er det jo berre den saken. All den overdrevne brølinga og gryntinga gjer alt så komisk, ja akkurat dette gjer at dette blir ein fabelaktig parodi for min del. Særs må eg trekke fram Marty Feldman som i denne filmen spelar Igor, ein mann som har ein slik sjølvironi som gjer at rolla hans er utrulig beundringsverdig og ikkje minst, hysterisk morosam! Mannen var eit komisk geni. Ein kan på mange måtar seie at hans auge, om ikkje ansikt, var ein blessing in disguise. Marty tar det med andre ord heilt ut i “Young Frankenstein”. Takk skal du ha!
Min rating: 8/10.
Om du er ein av dei typane som ikkje kan fordra gamle filmar og derav ikkje gidd å ta deg bryet med å sjå denne godbiten, så i alle fall sjekk ut dette klippet!:
Kjelder: http://www.imdb.com/title/tt0072431/