Topp 10 Samuraifilmar!

Min personlege liste over mine favoritt samuraifilmar.  Ikkje uventa så er alle japanske, og fleirtalet er filmar av tidenes beste regissør, med andre ord, Akira Kurosawa, eit geni utanom det vanlege. Eg fyrar laus:

1.Dai-bosatsu tôge(The Sword of doom)

«The Sword of doom» handler om Ryunosuke, ein sosiopatisk og særs amoralsk Samurai med uortedokse sverdferdigheiter. Etter å ha drept ein motstanderen i det som skulle vere ein ikkje-dødeleg fektekonkurranse, blir han tvinga ut av sin heimby. For å overleve må Ryunosuke arbeide og velger derfor å forene seg med Tokugawa shogunate, ein føydal orginasjon, med andre ord ein slags semi-politistyrke oppbygd av ronins (Mesterlause soldatar) som baserer sitt arbeide på snikmord og brutale drap. I kulissene lurer bror til den avdøde motstander av Ryunosuke, som søker revansje over sin brors død.

Regi: Kihaci Okamoto

Kjendte fjes:

Tatsuya Nakadai -Ryunosuke Tsukue

Toshiro Mifune – Toranosuke Shimada

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0060277/

2.Shichinin no samurai(Seven Samurai)

Seven Samurai

«Seven Samurai» tar for seg historia om ein fattig landsby i det sekstande århundre som velger å rekruttere 7 arbeidslause samuraier for å beskytte seg mot banditar og tjuvar som i lengre tid har forsynt seg grodigt av landsbyens risavlinger.  Men dei sju veteranane kan ikkje gjere jobben aleine, og må ved den grunn lære landsbeboerane basiske ting som å forsvare seg sjølv.

Regi: Akira Kurosawa

Kjendte fjes: Toshiro Mifune – Kikuchiyo

Takashi Shimura – Kambei Shimada

Isao Kimura -Katsushiro Okamoto

Minoru Chiaki -Heichachi Hayashida

Seji Miyaguchi – Kyuzo

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0047478/

3.Jôi-uchi: Hairyô tsuma shimatsu(Samurai Rebellion)

«Samurai Rebellion» er fortellinga om Isaburo Sasahara(Mifune) som gjennom heile sitt lange liv har tjent sin herre Lord Matsudaira saman med sin gode ven og våpenbror Tatewaki Asano(Nakadai). Denne duoen er den beste innan sitt felt, og med desse to emenente samuraiene ved sin side har Lord Matsudaira ingen verdens ting å frykte.

Lord Matsudaira velger vidare å fryse ut Lady Ichi, ein av sine konkubiner, noko som føre til at Isaburos sønn Yogoro blir tvinga til å gifte seg med henne. Dette har uante og fatale konsekvenser for lorden, når Ichi og Yogoro mot alle odds forelskar seg i kvarandre.  Dette setter trufaste Isaburo i ein ubegripeleg situasjon – å gå i mot sin eigen sønn eller å trosse lorden sine befalingar.

Regi: Masaki Kobayashi

Kjendte fjes: Toshiro Mifune – Isaburo Sasahara

Tatsuya Nakadai – Tatewaki Asano

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0061847/

4.Yojimbo (The Bodyguard)

Sanjuro Kuwabatake(Mifune) kommer luskande til ein liten japansk by prega av 2 rivaliserande gjenger som terroriserer den stakkerslege byen.  Sanjuro, ofte berre referert som  «samuraien», the man with no name, er blakk. Einaste han har er eit sylskarpt sverd.  Dei to rivaliserande gjengane frykter han, og kjemper begge om å få hans tenester.

Regi: Akira Kurosawa

Kjendte fjes: Toshiro Mifune – Sanjuro Kuwabatake

Tatsuya Nakadai – Unosuke, the gunfighter

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0055630/

5.Kagemusha (The Shadow Warrior)

«Kagemusha» forespeiler seg i Sengoku-perioden, ein periode prega av politiske intriger, sosiale omveltningar og konstante militære konflikter.

Filmen forteller historia om ein forbryter som blir valgt til å steppe inn som impersontør for den hardt skada Lord Shingen Takeda( Tatsuya Nakadai).  «Kagemusha», som på engelsk er «shadow warrior», er ein betegnelse for ein dobbelgjenger, ofte brukt blant kongar i denne tiden ved offentlege framsyning o.l med tanke på leigemordarar.

Regi: Akira Kurosawa

Kjente fjes: Tatsuya Nakadai

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0080979/

6.Rashômon (The Demons gate)

«Rashomon» tek for seg historia om ein samurai og hans kone som blir angrepet av den berykta banditten Tajomaru i ein skog, noko som fører til samuraiens fall.  Etter episoda blir Tajomaru fanga og stilt for retten,  men hans historie er så forskjellig frå konas forklaring at retten er satt seg nødt i å ta i bruk ein synsk person som gjennom eit medium får den myrda samuraien til fortelle sin heilt unike versjon av saka.  Tilslutt har  vi vedhoggeren som fant liket i skogen, som sjølv påstår å ha sett ting,  og gir derav sin versjon av mordet, som igjen, er heilt forskjellig frå dei andre sine forklaringar!

Regi: Akira Kurosawa

Kjendte fjes: Toshiro Mifune -Tajomaru

Minoru Chiaki – Priest

Takashi Shimura – Woodcutter

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0042876/

7.Kozure ôkami: Ko wo kashi ude kashi tsukamatsuru (Lone Wolf and Cub: Sword of Vengeance)

Med sitt spedbarn på slep i ein babykjerre av tre,  jobber Itto Ogami som leigemorder medan han går sin veg til helvette. Han venter på hevn på sin tidlegare klan, Yagyu klanen, ein korrupt einheit som stod bak mordet på hans kone, Azami. Dette er den fyrste filmen av heile 6.

Regi:Kenji Misumi

Kjendte fjes: Tomisaburo Wakayama – Itto Ogami

Min rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0068815/

8.Ran (Revolt)

«Ran» er ein blanding av William Shakespeares «King’s lear» og japansk historie. Filmen er satt til det sekstande århundre, der Lord Hidetora Ichimonji annonsere at han har som intensjon å fordele landet sitt likt mylla dei tre sonane sine.  Dette skal bli ein skjebnesvanger avgjørelse.

Kjendte fjes: Tatsuya Nakadai -Lord Hidetora Ichimonji

Min rating: 9/10

Kjelder: http://www.imdb.com/title/tt0089881/

9.Kaidan (Kwaidan: Ghost Stories)

«Kaidan» tar for seg 4 kjendte japanske spøkelseshistoriar, alle seperate frå kvarandre. Dette er «Black Hair»,  «Woman in the snow»,  «Hoichi the Earless» og «In a Cup of Tea».  Dette er alle eldgamle historier som har skremt japanerar i generasjonar.

Regi: Masaki Kobayashi

Min rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0058279/

10. Kumonosu-jou (Throne of Blood)

«Throne of blood» er basert på William Shakespeares «Macbeth», der regissør Akira Kurosawa har lagt handlinga til det føydale Japan.

Samuraiane Miki og Washizu er i teneste for Tsuzuki, og opererer som vakter for krigsherren. Tsuzuki, som er i krig med ein konkurrerande krigsherre, beordra dei to samuraiane til å spore fienden. I ein dyster og tåkete skog møter dei på ei fryktinngytande heks som spår at Washizu ein dag skal ta over Tsuzukis rolle som krigsherre. Dette er hans skjebne.

Regi: Akira Kurosawa

Kjendte fjes:

Toshiro Mifune – Taketori Washizu

Isuzu Yamada – Lady Asaji Washizu

Takashi Shimura – Noriyasu Odagura

Min rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0050613/


No comments yet

Kommenter innlegget