Archive for november 2009|Monthly archive page

Topp 10 Samuraifilmar!

Min personlege liste over mine favoritt samuraifilmar.  Ikkje uventa så er alle japanske, og fleirtalet er filmar av tidenes beste regissør, med andre ord, Akira Kurosawa, eit geni utanom det vanlege. Eg fyrar laus:

1.Dai-bosatsu tôge(The Sword of doom)

«The Sword of doom» handler om Ryunosuke, ein sosiopatisk og særs amoralsk Samurai med uortedokse sverdferdigheiter. Etter å ha drept ein motstanderen i det som skulle vere ein ikkje-dødeleg fektekonkurranse, blir han tvinga ut av sin heimby. For å overleve må Ryunosuke arbeide og velger derfor å forene seg med Tokugawa shogunate, ein føydal orginasjon, med andre ord ein slags semi-politistyrke oppbygd av ronins (Mesterlause soldatar) som baserer sitt arbeide på snikmord og brutale drap. I kulissene lurer bror til den avdøde motstander av Ryunosuke, som søker revansje over sin brors død.

Regi: Kihaci Okamoto

Kjendte fjes:

Tatsuya Nakadai -Ryunosuke Tsukue

Toshiro Mifune – Toranosuke Shimada

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0060277/

2.Shichinin no samurai(Seven Samurai)

Seven Samurai

«Seven Samurai» tar for seg historia om ein fattig landsby i det sekstande århundre som velger å rekruttere 7 arbeidslause samuraier for å beskytte seg mot banditar og tjuvar som i lengre tid har forsynt seg grodigt av landsbyens risavlinger.  Men dei sju veteranane kan ikkje gjere jobben aleine, og må ved den grunn lære landsbeboerane basiske ting som å forsvare seg sjølv.

Regi: Akira Kurosawa

Kjendte fjes: Toshiro Mifune – Kikuchiyo

Takashi Shimura – Kambei Shimada

Isao Kimura -Katsushiro Okamoto

Minoru Chiaki -Heichachi Hayashida

Seji Miyaguchi – Kyuzo

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0047478/

3.Jôi-uchi: Hairyô tsuma shimatsu(Samurai Rebellion)

«Samurai Rebellion» er fortellinga om Isaburo Sasahara(Mifune) som gjennom heile sitt lange liv har tjent sin herre Lord Matsudaira saman med sin gode ven og våpenbror Tatewaki Asano(Nakadai). Denne duoen er den beste innan sitt felt, og med desse to emenente samuraiene ved sin side har Lord Matsudaira ingen verdens ting å frykte.

Lord Matsudaira velger vidare å fryse ut Lady Ichi, ein av sine konkubiner, noko som føre til at Isaburos sønn Yogoro blir tvinga til å gifte seg med henne. Dette har uante og fatale konsekvenser for lorden, når Ichi og Yogoro mot alle odds forelskar seg i kvarandre.  Dette setter trufaste Isaburo i ein ubegripeleg situasjon – å gå i mot sin eigen sønn eller å trosse lorden sine befalingar.

Regi: Masaki Kobayashi

Kjendte fjes: Toshiro Mifune – Isaburo Sasahara

Tatsuya Nakadai – Tatewaki Asano

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0061847/

4.Yojimbo (The Bodyguard)

Sanjuro Kuwabatake(Mifune) kommer luskande til ein liten japansk by prega av 2 rivaliserande gjenger som terroriserer den stakkerslege byen.  Sanjuro, ofte berre referert som  «samuraien», the man with no name, er blakk. Einaste han har er eit sylskarpt sverd.  Dei to rivaliserande gjengane frykter han, og kjemper begge om å få hans tenester.

Regi: Akira Kurosawa

Kjendte fjes: Toshiro Mifune – Sanjuro Kuwabatake

Tatsuya Nakadai – Unosuke, the gunfighter

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0055630/

5.Kagemusha (The Shadow Warrior)

«Kagemusha» forespeiler seg i Sengoku-perioden, ein periode prega av politiske intriger, sosiale omveltningar og konstante militære konflikter.

Filmen forteller historia om ein forbryter som blir valgt til å steppe inn som impersontør for den hardt skada Lord Shingen Takeda( Tatsuya Nakadai).  «Kagemusha», som på engelsk er «shadow warrior», er ein betegnelse for ein dobbelgjenger, ofte brukt blant kongar i denne tiden ved offentlege framsyning o.l med tanke på leigemordarar.

Regi: Akira Kurosawa

Kjente fjes: Tatsuya Nakadai

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0080979/

6.Rashômon (The Demons gate)

«Rashomon» tek for seg historia om ein samurai og hans kone som blir angrepet av den berykta banditten Tajomaru i ein skog, noko som fører til samuraiens fall.  Etter episoda blir Tajomaru fanga og stilt for retten,  men hans historie er så forskjellig frå konas forklaring at retten er satt seg nødt i å ta i bruk ein synsk person som gjennom eit medium får den myrda samuraien til fortelle sin heilt unike versjon av saka.  Tilslutt har  vi vedhoggeren som fant liket i skogen, som sjølv påstår å ha sett ting,  og gir derav sin versjon av mordet, som igjen, er heilt forskjellig frå dei andre sine forklaringar!

Regi: Akira Kurosawa

Kjendte fjes: Toshiro Mifune -Tajomaru

Minoru Chiaki – Priest

Takashi Shimura – Woodcutter

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0042876/

7.Kozure ôkami: Ko wo kashi ude kashi tsukamatsuru (Lone Wolf and Cub: Sword of Vengeance)

Med sitt spedbarn på slep i ein babykjerre av tre,  jobber Itto Ogami som leigemorder medan han går sin veg til helvette. Han venter på hevn på sin tidlegare klan, Yagyu klanen, ein korrupt einheit som stod bak mordet på hans kone, Azami. Dette er den fyrste filmen av heile 6.

Regi:Kenji Misumi

Kjendte fjes: Tomisaburo Wakayama – Itto Ogami

Min rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0068815/

8.Ran (Revolt)

«Ran» er ein blanding av William Shakespeares «King’s lear» og japansk historie. Filmen er satt til det sekstande århundre, der Lord Hidetora Ichimonji annonsere at han har som intensjon å fordele landet sitt likt mylla dei tre sonane sine.  Dette skal bli ein skjebnesvanger avgjørelse.

Kjendte fjes: Tatsuya Nakadai -Lord Hidetora Ichimonji

Min rating: 9/10

Kjelder: http://www.imdb.com/title/tt0089881/

9.Kaidan (Kwaidan: Ghost Stories)

«Kaidan» tar for seg 4 kjendte japanske spøkelseshistoriar, alle seperate frå kvarandre. Dette er «Black Hair»,  «Woman in the snow»,  «Hoichi the Earless» og «In a Cup of Tea».  Dette er alle eldgamle historier som har skremt japanerar i generasjonar.

Regi: Masaki Kobayashi

Min rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0058279/

10. Kumonosu-jou (Throne of Blood)

«Throne of blood» er basert på William Shakespeares «Macbeth», der regissør Akira Kurosawa har lagt handlinga til det føydale Japan.

Samuraiane Miki og Washizu er i teneste for Tsuzuki, og opererer som vakter for krigsherren. Tsuzuki, som er i krig med ein konkurrerande krigsherre, beordra dei to samuraiane til å spore fienden. I ein dyster og tåkete skog møter dei på ei fryktinngytande heks som spår at Washizu ein dag skal ta over Tsuzukis rolle som krigsherre. Dette er hans skjebne.

Regi: Akira Kurosawa

Kjendte fjes:

Toshiro Mifune – Taketori Washizu

Isuzu Yamada – Lady Asaji Washizu

Takashi Shimura – Noriyasu Odagura

Min rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0050613/


Young Frankenstein (1974)

Eg innleiar dette innlegget med å seie at den såkalla horror-sjangeren er ein svært so belasta sjanger.  Der er strengt tatt  mykje piss. Overflod av piss.  Vi kan samanlikne det med dei verste offentlege urinala i verda, der spyet overflorerar veggane og stanken av urin kjennes  fleirfoldige mil unna. Hollywood spyr ut horror filmar utan handling og meining. Det er som om det skulle vere ein intern konkurranse innad i bransjen om å lage den aller jævligaste filmen, ein konkurranse om å lage den filmen som inneheld dei mest dyriske og umenneskelege måtane å torturere og drepe eit menneske på. Dei sentaliserer nemleg sin horror på det. Men er det effektivt? Det selger jo, folk vil visst sjå grusomme ting med null form for meining og budskap! For min del blir eg berre kvalm. Ikkje nødvendigvis berre av det grusomme, men at det faktisk går ann å produsere slikt søppel! Kan jo til dømes dra fram titlar som Saw og Hostel som eigner seg betre i søppelkorga enn på lerrettet.

Det er derfor særs viktig å bevege seg fekk frå urinalet, vekk frå den O’store søppelhaugen av nyare  blockbusters o.l og heller velger omveiar om ein skal finne bra horrorfilmar.  70-tallet er ein fin plass å starte. Om du vil ha tips, skriv ein melding i kommentarfeltet!

Young Frankenstein cover«Young Frankenstein» er ein amerikansk horror-komedie regissert av Mel Brooks, som blant anna er kjent for filmar som «The Producers», «Blazing Saddles» og «Spaceballs». Multitalentet Brooks, som tillegg til filmregissør er skuespelar, skribent og komiker, har i «Young Frankenstein» lagar ein horrorkomedie som er ein rein og skjær parodi på dei 4 Frankenstein filmane frå 1930-40 tallet, som alle er basert på Mary Shelleys roman «Frankenstein;
or, the Modern Prometheus» (Dei 4: «Frankenstein», «Bride of Frankenstein», «Son of Frankenstein» og «Ghost of Frankenstein»).

Young FrankensteinDr. Frederick Frankenstein er ein høgst respektert lektor på ein medisinskule i Amerika. Studentane likar han, men Frederick blir stadig vekk minna på at han er ein Frankenstein. Hans bestefar har satt sine djupe spor.  So djupe at han insisterar på at uttalen av namnet er Fronk-en-steen.

Ein dag kjem ein advokat inn på forelesningsrommet.  I armane har han sjølvaste Victor von Frankenstein sitt testament. Når Frederick får vete at han har arva slottet i Transylvania, tar han med eit fart og reiser direkte til sitt nye og, om ikkje dystre heim.

Igor: No, it's pronounced "eye-gor." Ved togstasjonen i Transylvania blir Dr. Frankenstein møtt av Igor(uttalt; EYE-gor),  ein snodig skrue som vise seg å bli hans nye medhjelper. Med seg på lasset har han unge og særs flotte Inga, som i botn og grunn ikkje er den best egna labb assistenten. I tillegg til dette kjem husets husholderske, Frau Blücher, eit kvinnemenneske som i alle fall ikkje mangler bein i nasa!  Denne kombinasjonen av spenstige personlegheiter kryddrar tilværelsen for godeste Dr.Frankenstein. Meir vil eg ikkje avsløre!

Mel Brooks, som brukte store delar av sitt budsjett berre med å leige rekvesittar frå dei tidlegare Frankenstein-filmane, har ved «Young Frankenstein» truffet mitt hjarte. Eg vil kalle dette ein instant classic, ein film som lett kan segle opp blant mine favorittkomediar.  Alt er så gjennomført. Filmen er skutt i svart/kvitt, noko som i seg sjølv er eit stort pluss i mine auge (JA film er best i svart/kvitt).  Dette av den enkle grunn for å få fram den same atmosfærer ein kunne oppleve frå dei nokre eldre Frankenstein-filmane.   Filmen i seg sjølv er spekka med svart humor, noko eg er ein stor beundrer av!  Å fleipe med «litt-på-kanten» emner og bizarre situasjoner er lov, så lenge det er gjennomført!  For all del, alle vitsane treffer ikkje like godt, men slik er det jo berre den saken.  All den overdrevne brølinga og gryntinga gjer alt så komisk, ja akkurat dette gjer at dette blir ein fabelaktig parodi for min del. Særs må eg trekke fram Marty Feldman som i denne filmen spelar Igor, ein mann som har ein slik sjølvironi som gjer at rolla hans er utrulig beundringsverdig og ikkje minst, hysterisk morosam! Mannen var eit komisk geni. Ein kan på mange måtar seie at hans auge, om ikkje ansikt, var ein blessing in disguise.  Marty tar det med andre ord heilt ut i «Young Frankenstein». Takk skal du ha!

Min rating: 8/10.

Om du er ein av dei typane som ikkje kan fordra gamle filmar og derav ikkje gidd å ta deg bryet med å sjå denne godbiten, så i alle fall sjekk ut dette klippet!:

Kjelder:  http://www.imdb.com/title/tt0072431/


Metropolis(1927)

Nokon kallar meg sær, dei fleste kallar meg sær når det gjelder min filmsmak.  Metropolis frå 1927, mannen må jo vere gal tenkjer folk. Noko så lite hippt.  Ein eldgammal stumfilm i svart og kvitt?  Er det verkeleg folk som ser på det? Eg var skeptisk sjølv der eg satt og supa i meg proteinshaken, men valgte å gi filmen ein sjangse. No er eg ingen kjempefan av stumfilm frå byrjinga av, men har kost meg med titlar som City Lights, Modern Times og The Great Dictator, som alle har  den brilliante og alltid like artige Charlie Chaplin i hovudrolla. Men Metropolis, regissert av Østerriske Fritz Lang, kunne denne filmen avkrefte dei mange fordommar som herjar rundt stumfilmsjangeren? Inneheld stumfilm kun fjollete humor og pompøst skuespel?

metropolisFilmen, som for øvrig var Adolf Hitlers favorittfilm, tar for seg eit dystopisk samfunn, prega av kapitalismens jernhand, sosial krise og undertrykkelse.  Metropolis er ein høgt industrielt by der Joh Fredersen sitt i lederstolen på toppen, medan arbeidarane som er addressert med nummer og ikkje namn, er botn av rangstigen.

Sønn av Joh, Freder Fredersen, får etterkvart sympati for den lidande arbeidarklassen.  Han utforsker arbeidarane sitt personlege helvette og lar seg fasinere av Maria, ein agitator som samlar arbeidarane og gir dei optimisme og tru.  Men i kulissene lurer C.A. Rotwang, ein gal oppfinner. Hans siste verk er ei maskinkvinne, ein re-inkarnasjon av kvinna Hel, som var Rotwangs store kjærleik, Joh Freders brudgom og mor til Freder Fredersen.  Maskinkvinna er deira største våpen mot undergrunnsrørslene og fastsluttar å sende henne ned i djuvet.

metropolisMetropolis er på mange måtar ein omfattande og djup film. Kanskje ikkje direkte plotmessig som i botn og grunn er temmeleg beint fram, men i dens futuristiske vinkling og mange undertemaer. Filmen gir deg ting å tenkje over, og man kan dra parallellar frå dagens samfunn. Man kan med andre ord dra i fleirfoldige snorar. Ein er til dømes innom aspekter innanfor moralfilosofien( kva som rett og galt), som undetrykkelse, kunstig liv, maskinsamfunn, klassesamfunnet o.s.v til mindre omfattande temaer som gode versus onde, depresjon og kjærleik.

Sånn visuelt vil eg kalle filmen eit mesterverk. Filmen kosta ein formue på denne tida å lage, noko som blir gjennspegla i effektene. Filmen ser aldeles nydeleg ut, med tanke på kor gammal den faktisk er!  Spesielt fascinerande å sjå på er miniatyrmodel-byen som er såpass detaljrik og ekspresjonelle som den er, som får den såkalla cutting-edge med perfekt lysetting på svart/kvitt film. Har faktisk tilgode å sjå noko liknande i nyare tid! Filmar i notida har som oftast den tedensen å bruke spesial effektar meir i utide enn å bruke det effektivt. Dette har filmskaparar no til dags mykje å lære! metropolis_drones

Når det gjeld skuespelet så er det litt pompøst og fjollete, men det fungerar! Slik er berre stumfilm, man må bruke kroppsspråkk for å vise fram følelsar. Eit ansiktsuttrykk kan fortelle mykje! Historia i seg sjølv er logisk bygd opp, sjølv om, desverre, 1/4 av filmen faktisk manglar! Men det skada ikkje filmen nevneverdig.  Ellers så gjer samtlige skuespelarar ein troverdig rolle, spesielt Alfred Abel som Joh Fredersen er fantastisk dyktig. Mannen trenger ikkje ord for å formidle sitt budskap. Stor skuespeler!

 

Min rating: 5/6

Alt i alt ein fantastisk film.

kjelder:  http://www.imdb.com/title/tt0017136/