Archive for desember 2009|Monthly archive page

Eit pornografisk mesterverk eller eit motbydeleg filmhelvette?

Salò o le 120 giornate di Sodoma(1975)

Filmen, som er basert på boka med same namn, tar for seg historia om fire rike og særs korrupte fascist libertinar som kidnappar 18 ungdommar, for å deretter gjennom 4 månadar å utsette dei for ekstrem vald, seksuell fordervelse og sadisme. Med andre ord eit mentalt og psykologisk mareritt.

For å begynne enkelt, dette er ikkje ein film du koser deg med.  «Salò, or the 120 Days of Sodom» er nemleg det aller jævligaste eg har sett nokon gong. Den er faktisk så mentalt forstyrra at eg hadde store problemar med å sjå den ferdig.  At mennesket er i stand til å utøve dei mest ekstreme formar for etisk uriktige handlingar er ingen ukjent sak,  og det er nettopp derfor regissør Pier Paolo Pasolini har lukkast med å lage eit skremmande realistisk bilete på kor fæle menneske kan vere. Det er på grunn av denne skrekkelege realismen filmen blir eit stort slag i trynet på alt som heiter rettferdigheit og så inderleg vanskeleg å sjå.

Filmen er for å seie det mildt, gjennomsyra ond.  Filmen var høgst kontroversiell når den vart lansert i 1975, og framleis er. Men er denne filmen eit pornografisk mesterverk eller eit motbydeleg filmhelvette?  Er dette eit kunstverk? 

Eit kunstverk treng nødvendigvis ikkje vere pent, men hovudpoenget er at det uttrykker noko. At Salo gir eit form for artistisk uttrykk kan eg gå med på, men kunst er som mykje anna høgst subjektivt. For min del er ikkje seksuell undertrykkelse, tortur og drap kunst, that’s my coin.  Dette er ein film eg aldri kjem til å sjå igjen, da påkjenninga var alt for stor for min del.  Eg kjem trulig aldri til å vere så kvalm etter ein film som eg vart av etter denne.

Rating: 1/10. Filmen er godt regissert, missforstå meg rett, men der så fæl at eg må gi den bunnkarakter.

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0073650/

Så dårligt at det blir morosamt!

Hercules in New York

Arnold Schwarzenegger var 23-år gamal då han gjorde sin filmdebut i 1970 som Hercules i «Hercules in New York«. Samt å vere Arnolds debut som skodespelar, var det og regissør Arthur Allan Seidelmanns fyrste film. Bodybuilderen, som ofte vart omtalt som «The Austrian Oak», var som skapt for rolla (Fysikkmessigt i alle fall).

«Hercules in New York» tar for seg historia om den guddomelege Hercules, som etter fleirfoldige tiår har sett seg mektig lei av livet på Olympus.  Hercules ønskjer seg nye utfordringar,  og vel å besøke menneskets verd. Hans far, Zeus, gjev han ikkje tillatelse dette. Etter ein «heftig» krangel, kaster himmel og torden guden Zeus ein tordenbolt på Hercules, noko som gjer at Hercules blir kasta ut av Olympus. Hercules havnar tilslutt i New York,  der hans  sjølvgode haldning og usiviliserte væremåte skapar problem for seg sjølv.

Er det ein ting ein ikkje kan gjer, er å ta denne filmen særleg seriøst. Plottet i seg sjølv er jo heilt bananas, det er jo nesten slik at det blir skrevet betre historiar i pornobransjen. Det er vel nesten slik eg er overbevist. Skodespelarane er kanskje av det mest talentlause ein kan finne, utan å overdrive. Både Van Damme og Steven Seagal framstår som aldeles superbe i forhold til det som er å finne i denne Hercules-flicken.

Men alt dette har sin sjarm, det blir jo faktisk uhyre morosamt!  Opprinneleg var Arnolds stemme dubbet på den  kinolanserte utgåven,  men eg var så heldig å finne ein udubbet versjon.  Dette «redda» nok filmen for min del, og gjorde at eg faktisk klarte å sjå ferdig!  Berre at Arnold opna munnen var gull verdt for min del, noko som til tider kunne føre til spontane latterutbrudd.

Arnold vs Bear seie vel deg ikkje mykje, men det er episk. Kanskje ein av dei mest morosame ufrivillige scenane som har blitt laga nokon gong. Alt er perfekt. Den overdrevne skrikinga, ein bjørn i CENTRAL PARK,  ein dønn seriøs Arnold, og bjørnekostymet i seg sjølv som er lik glasuren på toppen av kransekaka.  Enjoy!

Topp 10 westernfilmar

1.C’era una volta il West(Once upon a time in the west)

Morton er ein maktsjukt bestyrer av eit jernbane kompani. Han leiger Frank, ein gunslinger utan nokon form for sympati til å drepe alle som måtte stå i vegen for hans storsatsing innan jernbane-sektoren. Etter at Frank drep Brett McBain, ein landseiger, bestemmer hans enke å leige to mordarar for å hevne seg på tyranniet;  Ein harmonica-spelande desperado og hans kjeltringkompis.

Regi: Sergio Leone

Notis: Sondtrack av Ennio Morricone. Spaghetti-western. Charles Bronson som Harmonica, Henry Fonda som Frank.

Min rating: 10/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0064116/

2.Il buono, il brutto, il cattivo(The Good, the bad and the ugly)

Mannen utan namn, blondie, har gått saman to lovlause revolvermenn for å leite etter ein formue i gull.  Men det skal vere enklare enn gjort, når deira egosentriske verdiar gjer det vanskelegt for å samarbeide.  I tillegg til å halde seg i live i eit land hardt prega av blodig borgarkrig, gjelder det å halde haudet i sjakk  når dei har nådd sitt mål.

Regi: Sergio Leone

Notis: Soundtrack av Ennio Morricone. Spaghetti-western.

Min Rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0060196/

3.Tombstone

Filmen tar for seg laustbaserte historiske hendelsar frå perioden 1881-1882(The Gunfight at the O.K. Corral ). Den pensjonerte sheriffen Wyatt Earp  velger å flytte til Tombstone, den lille men stadig veksande gruvebyen.  Byen vise seg omsider å vere av den lovlause sorten, der den bestialske røvarbanden «The Cowboys» herjer villt og ufornekteleg.  Wyatt Earp ser seg nødt å bekjempe denne banden, og drar med seg Virgil og Morgan, hans eldre og yngre bror med på lasset. Når han i tillegg finn sin gamle men gode ven Doc Holiday, ein tuberkolose-lidande mann inne på ein bar gamblande, så har Wyatt den skvadroden han treng for å gjenninnføre freden i byen.

Regi: George B. Cosmatos

Notis: Val Kilmer som rolla som Doc Holiday, hans desidert beste rolle nokon sinne. Magisk.

Min Rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0108358/

4.Il grande silenzio(The Great Silence)

Av ein konsekvens av det tøffe og vanskelege klimaet i det snø belagte byen Snowhill, har dei fattige sett seg nødt å stjele og plyndre for å overleve. Det blir etterkvart satt skuddpremie på desse, og den kjendte bounty-hunteren Loco, tar opp jakten på dei fredlause som har tatt tilflukt i dei kalde Nevada-fjella.

Etter at ei kvinne blir gjort enke av Loco, leiger ho inn ein pistolmann for hennar hevn. Han blir berre kaldt Silence(stillheit), ein stum mann mann med djupe arr frå sin barndom.

Regi: Sergio Corbucci

Notis: Klaus Kinski og Jean-Louis Trintignant. Ennio Morricone soundtrack.

Min rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0063032/

5.The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford

Filmen fortel historia om Robert Ford, ein høyst usikker ung herremann.  Han er oppvokst med historiane om Jesse James, noko som har ført til at førstenemnte har blitt hans store idol.  Robert bestemmer seg for å gjere kva han kan for å forene seg med Jesse James sin gjeng. I tillegg til dette er han ein ambisiøs ungdom med enorme ambisjonar.  Han vil bli berømt.

Regi: Andrew Dominik

Notis: Brad Pitt som Jesse James, Casey Affleck i den minneverdige rolla som Robert Ford. Soundtrack av Nick Cave og Warren Ellis

Min Rating: 9/10. Eit visuelt mesterverk.

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0443680/

6.Butch Cassidy and the Sundance Kid

I eit stadigt meir sivilisert western, utføre Butch and Cassidy eit bankran for mykje.  Lovens lange arm har sett seg lei av «The-whole-in-the-wall-gang» yppige røvertokter, og setter av ein konsekvens av dette ut ein spesialeinheit for å trappe opp jakten på dei to leiarane.  Dei to gode kompisane får aldri kvile i fred, då dei blir forfølgt over kvar ein stein, kvar ein slette, kvar ein elv og kvar eit fjell dei måtte bestige.

Regi: George Roy Hill

Min Rating: 9/10

Notis: Radarparet Paul Newman og Robert Redford i aksjon.

Kjelde:  http://www.imdb.com/title/tt0064115/

7.Dead Man

William Blake blir tilbydt ein jobb som reknskapsfører i nybyggerbyen Machine, og velger å forlate sin post i Cleveland for å søke nye utfordringar vestover. Ved ankommsten vise det seg at fabrikkeieren, Dickinson, allereie har ansatt ein anna mann i jobben.  William Blake snur eit nasa mot ein saloon for å drukne sine sorgar. Etter å ha følgt ein prostituert heimatt, vise det seg at ein elskar av kvinna dykkar opp. Dette får store konsekvensar for William, som mot sin vilje blir ein mordar, og må søke tilflukt i ødemarka.

Regi: Jim Jarmusch

Sjanger: Surrealistisk-Western

Notis: Johhny Depp i rolla som Wiliam Blake. Neil Young med soundtrack.

Min rating: 9/10

Kjelde:  http://www.imdb.com/title/tt0112817/

8.Giù la testa(A fistful of Dynamite)

Under den meksikanske revolusjon, er Juan Miranda ein berykta bandittleder. Han møter på den irske terroristen John Mallory, som er på rømmen frå britiske myndigheite. John Mallory, som har sine røte frå terroristorganisasjonen IRA, er ein ekspert på eksplosiver. Juan ser nytteverdi i John og prøvar å overtale han om å forene seg med banden. Juan har i bakhaudet store planar om å robbe nasjonalbanken i Mesa Verde.  John har i myllatida kontakta revolusjonære gruppar og satt sine dynamittar i sin disposisjon!

Regi: Sergio Leone

Notis: Soundtrack av Ennio Morricone.Spaghetti-western.

Min Rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0067140/

The Outlaw Josey Wales

Den amerikanske borgerkrigen har ført til flokkevis av arbeidslause soldatar i grenselandet mylla statane Missouri og Kansas.  Men dei store skvadronane av soldatar velger ikkje å stå med lua i hånda, då dei bestemmer å slå seg saman for å bekjempe forbryterbandar. Deira metodar er brutale, dei ranar og drep der dei kjem fram. Josey Wales, ein stakkarsleg bonde, opplever å få sin familie massakrert heime på gården sin.  Hardt skadd lar soldatane Josey Wales ligge med gården sin som er i fyr og flamme.  Dei har kødda med feil mann.

Regi: Clint Eastwood

Notis: Clint Eastwood i hovudrolla som Wales.

Min Rating: 9/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0075029/


The Proposition

«The Proposition»  tar for seg Austalia på slutten av 1880-åra.  Den australske villmarka er eit høyst usivilisert sted, prega ein strøm av mørke og brutale drap.  Kaptein Maurice Stanley har tatt på seg jobben med å renske ørkenen for kriminelle.  Hans store plan for å få bukt med den herjande bølga av drap er å ta knerten på mesterhjerna Arthur Burns, eldste av fire.  Etter å tatt  dei to yngste til fange, gir kaptein Maurice Stanley følgande ultimatum til Charlie Burns; Han har ni dagar. Drep eller fang din eldste bror, ellers blir yngstemann hengt!

Regi: John Hillcoat

Notis: Nick Cave står bak både manus og musikken til filmen.

Guy Pearce i rolla som Charlie Burns.

Min Rating: 8/10

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0421238/


Morton (Gabriele Ferzetti), the power-hungry owner of a railroad company, hires Frank (Henry Fonda, playing against type), a gunfighter without a conscience, to kill anyone who stands in the way of the completion of the railroad. After Frank murders land owner Brett McBain (Frank Wolff), McBain’s widow (Claudia Cardinale) hires two killers of her own to protect her and gain revenge: a mysterious, harmonica-playing desperado (Charles Bronson) and his rogue sidekick (Jason Robards