Metropolis(1927)

Nokon kallar meg sær, dei fleste kallar meg sær når det gjelder min filmsmak.  Metropolis frå 1927, mannen må jo vere gal tenkjer folk. Noko så lite hippt.  Ein eldgammal stumfilm i svart og kvitt?  Er det verkeleg folk som ser på det? Eg var skeptisk sjølv der eg satt og supa i meg proteinshaken, men valgte å gi filmen ein sjangse. No er eg ingen kjempefan av stumfilm frå byrjinga av, men har kost meg med titlar som City Lights, Modern Times og The Great Dictator, som alle har  den brilliante og alltid like artige Charlie Chaplin i hovudrolla. Men Metropolis, regissert av Østerriske Fritz Lang, kunne denne filmen avkrefte dei mange fordommar som herjar rundt stumfilmsjangeren? Inneheld stumfilm kun fjollete humor og pompøst skuespel?

metropolisFilmen, som for øvrig var Adolf Hitlers favorittfilm, tar for seg eit dystopisk samfunn, prega av kapitalismens jernhand, sosial krise og undertrykkelse.  Metropolis er ein høgt industrielt by der Joh Fredersen sitt i lederstolen på toppen, medan arbeidarane som er addressert med nummer og ikkje namn, er botn av rangstigen.

Sønn av Joh, Freder Fredersen, får etterkvart sympati for den lidande arbeidarklassen.  Han utforsker arbeidarane sitt personlege helvette og lar seg fasinere av Maria, ein agitator som samlar arbeidarane og gir dei optimisme og tru.  Men i kulissene lurer C.A. Rotwang, ein gal oppfinner. Hans siste verk er ei maskinkvinne, ein re-inkarnasjon av kvinna Hel, som var Rotwangs store kjærleik, Joh Freders brudgom og mor til Freder Fredersen.  Maskinkvinna er deira største våpen mot undergrunnsrørslene og fastsluttar å sende henne ned i djuvet.

metropolisMetropolis er på mange måtar ein omfattande og djup film. Kanskje ikkje direkte plotmessig som i botn og grunn er temmeleg beint fram, men i dens futuristiske vinkling og mange undertemaer. Filmen gir deg ting å tenkje over, og man kan dra parallellar frå dagens samfunn. Man kan med andre ord dra i fleirfoldige snorar. Ein er til dømes innom aspekter innanfor moralfilosofien( kva som rett og galt), som undetrykkelse, kunstig liv, maskinsamfunn, klassesamfunnet o.s.v til mindre omfattande temaer som gode versus onde, depresjon og kjærleik.

Sånn visuelt vil eg kalle filmen eit mesterverk. Filmen kosta ein formue på denne tida å lage, noko som blir gjennspegla i effektene. Filmen ser aldeles nydeleg ut, med tanke på kor gammal den faktisk er!  Spesielt fascinerande å sjå på er miniatyrmodel-byen som er såpass detaljrik og ekspresjonelle som den er, som får den såkalla cutting-edge med perfekt lysetting på svart/kvitt film. Har faktisk tilgode å sjå noko liknande i nyare tid! Filmar i notida har som oftast den tedensen å bruke spesial effektar meir i utide enn å bruke det effektivt. Dette har filmskaparar no til dags mykje å lære! metropolis_drones

Når det gjeld skuespelet så er det litt pompøst og fjollete, men det fungerar! Slik er berre stumfilm, man må bruke kroppsspråkk for å vise fram følelsar. Eit ansiktsuttrykk kan fortelle mykje! Historia i seg sjølv er logisk bygd opp, sjølv om, desverre, 1/4 av filmen faktisk manglar! Men det skada ikkje filmen nevneverdig.  Ellers så gjer samtlige skuespelarar ein troverdig rolle, spesielt Alfred Abel som Joh Fredersen er fantastisk dyktig. Mannen trenger ikkje ord for å formidle sitt budskap. Stor skuespeler!

 

Min rating: 5/6

Alt i alt ein fantastisk film.

kjelder:  http://www.imdb.com/title/tt0017136/

 

 

2 comments so far

  1. Martine A on

    Bra skrevet 🙂
    Var skikkelig interessant og fengande å lese, men ej kan ikkje fatte og begripe korleis du kom på å sjå dinna filmen der :p

    • hanseco on

      Takk for det!
      Nei eg brukar http://www.imdb.com til å finne potensielle filmar som eg vil sjå! Eg tar til dømes ikkje bryet med å sjå ein film visst den er rangert 5/10 eller under.


Kommenter innlegget