Så dårligt at det blir morosamt!

Hercules in New York

Arnold Schwarzenegger var 23-år gamal då han gjorde sin filmdebut i 1970 som Hercules i «Hercules in New York«. Samt å vere Arnolds debut som skodespelar, var det og regissør Arthur Allan Seidelmanns fyrste film. Bodybuilderen, som ofte vart omtalt som «The Austrian Oak», var som skapt for rolla (Fysikkmessigt i alle fall).

«Hercules in New York» tar for seg historia om den guddomelege Hercules, som etter fleirfoldige tiår har sett seg mektig lei av livet på Olympus.  Hercules ønskjer seg nye utfordringar,  og vel å besøke menneskets verd. Hans far, Zeus, gjev han ikkje tillatelse dette. Etter ein «heftig» krangel, kaster himmel og torden guden Zeus ein tordenbolt på Hercules, noko som gjer at Hercules blir kasta ut av Olympus. Hercules havnar tilslutt i New York,  der hans  sjølvgode haldning og usiviliserte væremåte skapar problem for seg sjølv.

Er det ein ting ein ikkje kan gjer, er å ta denne filmen særleg seriøst. Plottet i seg sjølv er jo heilt bananas, det er jo nesten slik at det blir skrevet betre historiar i pornobransjen. Det er vel nesten slik eg er overbevist. Skodespelarane er kanskje av det mest talentlause ein kan finne, utan å overdrive. Både Van Damme og Steven Seagal framstår som aldeles superbe i forhold til det som er å finne i denne Hercules-flicken.

Men alt dette har sin sjarm, det blir jo faktisk uhyre morosamt!  Opprinneleg var Arnolds stemme dubbet på den  kinolanserte utgåven,  men eg var så heldig å finne ein udubbet versjon.  Dette «redda» nok filmen for min del, og gjorde at eg faktisk klarte å sjå ferdig!  Berre at Arnold opna munnen var gull verdt for min del, noko som til tider kunne føre til spontane latterutbrudd.

Arnold vs Bear seie vel deg ikkje mykje, men det er episk. Kanskje ein av dei mest morosame ufrivillige scenane som har blitt laga nokon gong. Alt er perfekt. Den overdrevne skrikinga, ein bjørn i CENTRAL PARK,  ein dønn seriøs Arnold, og bjørnekostymet i seg sjølv som er lik glasuren på toppen av kransekaka.  Enjoy!

3 comments so far

  1. Martine A on

    Hahaha

  2. Ola on

    Herregud ditta her e kansje noke av det mest patetiske ej he sett. Korleis du klarte å sitte igjennom sikkert en og en halv time av dinna intense visuelle og auditive torturen her, kjem ej aldri til å begripe. Ej e sikker på dinna filman voldtek sjela di på alle mulige måta, og spytta på dej ettepå. Og ej he sett en del dårlig film. Men ditta her… seriøst. Til og me vazelina mongolidkalender slår ditte.

    • hanseco on

      Haha det er nok blant dei dårligaste filmane eg har sett, men med litt drikke innanbords så har du ein vorspiel-klassiker. :p Den har faktisk ein viss sjarm med Arnold. Den bjørnescena er kanskje det mest artige samt horrible eg har sett på film. Priceless.


Kommenter innlegget