Eit pornografisk mesterverk eller eit motbydeleg filmhelvette?

Salò o le 120 giornate di Sodoma(1975)

Filmen, som er basert på boka med same namn, tar for seg historia om fire rike og særs korrupte fascist libertinar som kidnappar 18 ungdommar, for å deretter gjennom 4 månadar å utsette dei for ekstrem vald, seksuell fordervelse og sadisme. Med andre ord eit mentalt og psykologisk mareritt.

For å begynne enkelt, dette er ikkje ein film du koser deg med.  «Salò, or the 120 Days of Sodom» er nemleg det aller jævligaste eg har sett nokon gong. Den er faktisk så mentalt forstyrra at eg hadde store problemar med å sjå den ferdig.  At mennesket er i stand til å utøve dei mest ekstreme formar for etisk uriktige handlingar er ingen ukjent sak,  og det er nettopp derfor regissør Pier Paolo Pasolini har lukkast med å lage eit skremmande realistisk bilete på kor fæle menneske kan vere. Det er på grunn av denne skrekkelege realismen filmen blir eit stort slag i trynet på alt som heiter rettferdigheit og så inderleg vanskeleg å sjå.

Filmen er for å seie det mildt, gjennomsyra ond.  Filmen var høgst kontroversiell når den vart lansert i 1975, og framleis er. Men er denne filmen eit pornografisk mesterverk eller eit motbydeleg filmhelvette?  Er dette eit kunstverk? 

Eit kunstverk treng nødvendigvis ikkje vere pent, men hovudpoenget er at det uttrykker noko. At Salo gir eit form for artistisk uttrykk kan eg gå med på, men kunst er som mykje anna høgst subjektivt. For min del er ikkje seksuell undertrykkelse, tortur og drap kunst, that’s my coin.  Dette er ein film eg aldri kjem til å sjå igjen, da påkjenninga var alt for stor for min del.  Eg kjem trulig aldri til å vere så kvalm etter ein film som eg vart av etter denne.

Rating: 1/10. Filmen er godt regissert, missforstå meg rett, men der så fæl at eg må gi den bunnkarakter.

Kjelde: http://www.imdb.com/title/tt0073650/

No comments yet

Kommenter innlegget